Trollmannen frå Oz

09.06.2023


9. juni var det premiere på årets sommerteater. I år i BUL-salen grunna vanskeligheter med vannforsyning og transport til Munkholmen.

Førestillinga var Trollmannen frå OZ. Regi og koreografi av Anett Hjelkrem, som hadde regi for teaterlaget for fyrste gong. Musikken var nykomponert av vår trufaste Øyvind Jo Heimdal Eik.

Førestillinga fekk gode kritikkar med terningkast 5 i Adressa og fin omtale av Amund Grimstad.

Frå programmet:

Denne klassikaren av Lyman Frank Baum frå 1900 er spelt verda over og gjort i tallause versjonar både som teater og film. BUL's 2023 versjon av dette stykket gler me oss stort til å visa fram. Her har Øyvind Jo Heimdal Eik komponert ny musikk som både er fengjande, morosam og rørande. Berit Haltvik With har laga ein super scenografi og kreert dei finaste kostyma. Eg har leika meg med regi og koreografi og ikkje minst hatt det utruleg kjekt med ensemblet i denne perioden. Aktørane er fantastiske! Produksjonen, styret og foreldregruppa har lagt ned mange dugnadstimar slik at publikum endå ein gong kan oppleva sommarteater frå BUL.

Me håpar me saman har skapt litt magi og hugs:

«Over regnbuen fins det et drømmeland. Drømma kan bli sann, æ tror det går an»

God fornøyelse!

Anett Hjelkrem

Instruktør

Produksjon

Regi og koreografi: Anett Hjelkrem

Musikk og songtekstar/ musikalsk leiar: Øyvind Jo Heimdal Eik

Scenografi, kostyme- og plakatdesign: Berit Haltvik With

Produsent: Jan Helge Øvrehus

Inspisient: Vigdis Knudsen Moe og Kristine Mehus Stornes

Lysdesign: Vegard Hult og Molly Gibson

Lyddesign: Andreas Helland

Musiker, assistent Øyvind Jo: Markus Wisth Edvardsen

Organisator: Tonje A. Bakke

Kostymegruppe: Rønnaug Mølmen, Vigdis Skauvik Rian, Sissel Tørring Brattli, Runar Christoffersen Walsø, Wenche Weiseth og Toril Berg

Rekvisitørar: Wenche Weiseth og Runar Christoffersen Walsø

Scenografigruppe: Jan Helge Øvrehus, Anders Bråten, Helge Haugland, Børge B. Andersen

Foto/PR: Mariann Dybdahl, Idunn Bråten, Tonje A. Bakke, Maria Bakkeid, Benedict Hjelkrem-Wik

Kiosk: Kristin Øye, Heidi Haugland, Kristin Halvorsen

Takk til:

Teateratelier for kostymelån - Leo Thörn for parykkstyling - Tribunemannen - Koteng -

Foreldre og teaterlagsmedlemmar som har hjulpet til med stort og smått.

Rolleliste

Dorthe: Ingrid Frøseth Andersen

Toto: Frida Line Rørtveit

Onkel Henry: Yngve Stromberg

Tante Em/Portvakt: Tiril Aurora G.Nyland

Glinda: Kristine Mehus Stornes

Fru Vestenes/Heksa Vest: Sissel Tørring Brattli

Hubba & Bubba: Sverre Haugland og Adrian Cortes Øye

Gårdsjente/Fugleskremsel: Helle Haugland

Husleieinnkrever/Blikkmann: Benjamin Bakkeid

Gårdsgutt/Løva: Leander Gilsåmo

Trollmannen: Magnus Lie Hetland

Kråker: Marthe Hol Ingvaldsen, Idunn Bråten og Tiril Syrtveit

Smaragd "Dronning": Idunn Bråten

Smaragd Twins: Tiril Syrtveit og Marthe Hol Ingvaldsen

Lilleputt Ordfører: Karl Mejdell Listau

Lilleputt Trillinger: Jenny Bråten, Ida Syrtveit og Ella Langseth

Glindas Terner: Signe Mejdell Listau og Solveig Gjøen-Sandvik

Vakt på slottet til Heksa Vest: Mikkel Slupphaug Ulvestad

Vakt i Smaragdbyen: Sigurd Stromberg

Smaragdinnbyggere: Karl Mejdell Listau, Signe Mejdell Listau, Solveig Gjøen-Sandvik, Yngve Stromberg, Mikkel Slupphaug Ulvestad, Jenny Bråten, Ida Syrtveit, Ella Langseth, Sverre Haugland og Adrian Cortes Øye