Aktivitetane våre 

Vi danser i BUL-salen i Søndre gate 22 B (ved Thon hotell Nidaros).

Onsdagsdans    kl.19.00 – 21.00

  • Danseøvingar omtrent annakvar onsdag
  • Turdans og songdans ein onsdag kvar månad.
  • Dansekveld ein onsdag kvar månad med musikk av grupper eller spelemannslag.

For medlemmar er onsdagskvelden gratis. Er ein ikkje medlem kostar det kr 50. 


Halling      Måndager kl. 20.00 – 22.00

Her kan du få lære å danse halling. Det er ingen krav til forkunnskapar om dans eller turnferdigheter.

Snorre Kristiansen er instruktør. Han har dansa halling i fleire år.

For medlemmar er det gratis. Er ein ikkje medlem kostar det kr 50. 


Barnedans     

  • Familiepartiet annakvar veke kl.17.00 – 17.45

Familiepartiet er for barn mellom ca. 3 - 6 år, der foreldra er med barnet i aktiviteten. Dans, sang og leik som passar aldersgruppa med fokus på glede og utfaldelse. Valeriia Sergeeva er hovedinstruktør. 

  • Barnegruppa annakvar veke kl.18.00 – 18.45

Barnegruppa er for barn fra ca. 7 til 12 år. På dette alderstrinnet går vi meir inn på å lære enkelte dansar (f.eks. halling, reinlender). Leik, variasjon og danseglede er viktig. Oda Johansen er hovedinstruktør.

Familiepartiet og barnegruppa deltar på ein time med dans før Haustleiken og på Juleavslutninga.

Barnedansen kostar kr 450 per halvår inkludert medlemspengar. 


Dansekveldar

Iblant har vi dansekveld i helga i BUL-salen eller på BUL-hytta på Lian.

Kvar haust har vi ein dansefest som vi kaller Haustleik.