Grasrotandelen: Tippe- og lottomidlar til BUL!
Tippar du? Då kan du gje «grasrotandelen» på 5 % av spelinnsatsen til lokallaget ditt!
Det greiaste er å gje opp «Bondeungdomslaget i Nidaros» neste gongen du tippar. Organisasjonsnummeret til BUL er 971 377 976.
 

PROGRAM

Heile programoversynet

Ver merksam på at der anna ikkje er skrive, er øvingane og tilskipingane i lagssalen, Søndre gate 22 B.


Nidaros er det historiske namnet åt Trondheim by. Bondeungdomslaget vart skipa i 1904 og har i dag om lag 200 medlemer. BUL i Nidaros har til føremål å samla barn og ungdom i alle aldrar til eigenaktivitet i eit godt og rusfritt miljø og å taka vare på norsk kultur og norsk mål.


Konsert med Songlaget 21. mai i BUL-salen kl 19.
Songlaget syng inn våren.
Billettar i døra:
Einskilde: 50 kr;
Med på konserten er og Mie Othilie Berg på piano.
Les meir [07.05.12]

 

Program for 17. mai 2011
kl. 08.15 Ottesong i Nidarosdomen med Songlaget i BUL.
kl. 10.00 Kaffisal i BUL-salen, Søndre g. 22 B.
kl. 12.15 Oppstilling ved Gildevangen til folketoget (ev. kl. 13.00 i Kjøpmannsgata ved Gamle Bybrua).
[07.05.12]


Вишнёвый садъ

Kirsebærhagen

Vaksengruppa i teaterlaget set opp «Kirsebærhagen» av Anton Tsjekhov.

Etter fem år i Paris flytter Ljubov Andrejevna attende til Russland og hennar høgt elska gods. Men idyllen og glansen hev falma. Rentene er ikke betalte og bøndene et ikkje anna enn erter. Tvangsauksjonen stend for døra om dei ikkje maktar å finna ei løysing …

Opplev Russland i tida før revolusjonen – fredag 13.04., sundag 15.04., måndag 16.04., tysdag 17.04., onsdag 18.04., torsdag 19.04. og fredag 20. april; alle dagane kl. 19.

Stad:
BUL-salen, Søndre gate 22 B

Billettar:
teaterlaget@bulinidaros.no eller i døra
120/80 kr (rabatt 10+ pers.)


Førjulsteater for heile familien: Nøtteknekkaren 25. nov. - 1. des.
I år set Teaterlaget opp eventyret om nøtteknekkaren i BUL-salen den første veka i advent. Opplev kampen mellom Nøtteknekkaren og Musekongen, leikande snøfnugg og Søte draumars land - i Marita Rødsets regi og med Line Lornas fantastiske dekorasjonar. Blir spela kvar dag 25.11.-1.12. kl 18. Dobbeltforestilling 27.11. kl 15 og 18. Pris kr 130/160. Billettar på teaterlaget@bulinidaros.no og ved inngangen. Plakat: Tor M. Hetland.

Konsert med Songlaget 5. desember kl. 20.
Songlaget inviterar til konsert måndag 5. desember kl. 20 i BUL-salen.
Gløgg og pepparkaker.
Les meir [10.11.11]



Julemesse 3.-4. desember
Songlaget arrangerar julemesse i BUL-salen laurdag 3. og søndag 4. desember. Opningstider er 10-16 laurdag og 10-16 søndag.
I tillegg til sal av handverksprodukt blir det og sal av kaffe, lodd og tombola.
Les meir [10.11.11]


Extreme makeover - lagsmøte i BUL-salen 2. oktober kl 18:30
Kva vil me med laget vårt eigentleg? Er det liv laga? Kva meiner du og kva meiner særlaga? Og kva i all verda tyder «Norskt mål, sed og skikk»? Me vil at du skal vera med å diskutera korleis BUL skal sjå ut i framtida, og inviterer til lagsmøte. Ordstyrar: Tron Soot-Ryen

 

Songlaget tar opp nye medlemmer
Songlaget tar opp nye i alle stemmegrupper - sopran, tenor, bass, og alt.
Semesteret starta 29. august, men berre kom! Les meir [01.09.11]

Er det interesse for eit barnekor i BUL? Kontakt Mona for meir informasjon. Les meir

Loppemarknad 23.-26. august
Det vert loppemarknad i BUL-salen i år og!
Har du lopper til overs? Vi tek i mot mykje rart (klede, bøker, DVDar, ting og tang) og småinteriør (som t.d. små hyller og skap) som andre kan tenke seg å betale for. Av praktiske årsaker tek vi dessverre ikkje imot større møblar. Tinga må vere heile og reine. Kontakt Mona i koret for meir info.
Les meir [6.07.11]

Oliver! på Munkholmen
Oliver på Munholmen 10. juni 1.juli. I år kan du oppleva familiemusikkspelet Oliver!, der romanen "Oliver Twist" av Charles Dickens ligg til grunn. Det er dramatisert og med musikk av Lionel Bart.
Musikkspelet er både humoristisk og rørande, med mange fengjande songar og frisk dans.
Les meir [6.07.11]

Konsert med Songlaget 4. juni på Vestfrontplassen kl 12
Fikk du ikkje med deg konserten til Songlaget 28. mai? Det blir ein mini-konsert med utdrag frå programmet i samband med Musikkfest Trondheim på Vestfrontplassen eller i publikumsbygget ved Nidarosdomen.
Les meir [28.05.11]

 

"Fire Pinter og éin til"
Det er duka for absurd humor og kjønnsrolleforviklingar når seks damer frå Teaterlaget gir seg i kast med fire einaktarar av Harold Pinter + ein av Tonje A. Bakke. Regi: Marthe Synøve Berg og Emilie Berg-Thomassen.
Kaféteater på Antikvariatet på Bakklandet 6., 8., 9. og 12. mai kl. 18.00. Pris kr 80.
Foto: Tone Faber

 

Den spanske flue
Det blir stor ståhei og mykje moro i BUL når ungdomsgruppe1 i teaterlaget viser den klassiske forviklingskomedien «Den spanske flue» av Franz Arnold og Ernst Bach, i tida 25.–29. mars i BUL-salen.
Billettpris kr 100 vaksen/kr 75 barn (under 16)

 

Songlaget i Nidarosdomen 6. februar
Sundag 6. februar klokka 1800 deltek Songlaget med songinnslag inspirert av samisk musikk på gudstenesta kl. 18.
Les meir [01.02.11]

 


Nyårsfest
Laurdag 15. januar klokka 19.30 vert det variert dansemusikk i BUL-salen ved Trondheim Toradergruppe og spelmannslaget i BUL i Nidaros. Kaffi og kaker. Billett: 100,– Medlem BUL/NU: 70,–
Les meir [12.01.11]


Songlaget tar opp nye medlemmer
Songlaget tar opp nye i alle stemmegrupper - sopran, tenor, bass, og alt.
Semesteret startar 10. januar, så berre kom! Internasjonale folketonar er tema for våren. Les meir [15.12.10]

Er det interesse for eit barnekor i BUL? Kontakt Mona for meir informasjon. Les meir [15.12.10]


Arkiv 2010

Arkiv 2009

Arkiv 2008

Arkiv 2007

 


Velkomen til vevsidene åt BUL i Nidaros – webadmin@bulinidaros.no