[Teaterlaget] [BUL i Nidaros]

På Munkholmen 10.06.–01.07.2011

Oliver!

Oliver og Luringen

Stans tjuven!

GUT TIL SALS!

HERR BULDRE:
Ein gut!
Gut til sals!
Han e’ kje dyr
Berre åtte daler
Eller deromkring

Kjekk gut!
Nokså bleik –
fått lite søvn
Gje han berre vassgraut –
må ’kje bli for feit

Om eg sa at han ikkje finnest grådig
so var det nok å fare reint med løgn

Ein gut!
Gut til sals!
Kom, ta ein kik!
Har du nån gong sett so fin
ein gut
til sals?

I juni spelar Teaterlaget i BUL i Nidaros for tjuesjuande året på rad sumarteater i tårnet på Munkholmen. I år kan du oppleva familiemusikkspelet Oliver!, der romanen «Oliver Twist» av Charles Dickens ligg til grunn. Det er dramatisert og med musikk av Lionel Bart. Rollene som fattighusborn og lommetjuvar vert fylde av dei yngste skodespelarane våre, og elles er mange av medlemene i teaterlaget med i framsyninga. Musikkspelet er både humoristisk og rørande, med mange fengjande songar og frisk dans.

Ingrid Kummeneje hev regien, og ho stend for koreografien òg. Musikalsk ansvarleg er Øyvind Jo Heimdal Eik.

BILLETTAR

Det er lurt å tinga billettar tidleg. Det hev hendt før at dei hev vorte utselde tidleg. Billettar vert selde gjennom www.billettservice.no og Olavshallen, og prisane er slik: Vaksen 200 kr, barn/honnør 150 kr, og grupper på fleire enn 10 vaksne betaler 150 kr for alle.

Du kan koma i kontakt med produksjonsgruppa for «Oliver!» på <teaterlaget@bulinidaros.no>.

LITT OM HANDLINGA

Den foreldrelause guten Oliver veks opp på fattighuset eingong kring 1850. Oliver er ein kjekk gut, men når han ein dag vågar be om litt meir mat, gjeng han for langt. Han vert selt til ein gravferdsagent, og der fær han det ikkje serleg godt. Oliver rømer til London, og der møter han Luringen, som tek honom med heim til Fagin og banden hans av unge lommetjuvar. Oliver skal lærast opp til å verta ein god lommetjuv, men han vert teken av politiet og hamnar etter kvart heime hjå den rike og gamle enkemannen Hr. Brun. Han tek seg godt av Oliver og ynskjer hjelpa guten med å finna attende til familien sin. Men lukka varar ikkje so lenge … Meir skal me ikkje røpa, de lyt koma og sjå sjølve!

OLIVER OG BUL

Teaterlaget i BUL hev sett opp Oliver! to gonger før, fyrst i 1988. Det var kan henda vår fyrste store suksess og var med på å gjera sumarteatret på Munkholmen kjent og vyrda. Når me no tek opp att historia om Oliver Twist, er det både av di me hev ein heilt ny generasjon unge skodespelarar og tilsvarande ein ny generasjon teatergjengarar. Men òg av di me er glade i sjølve historia – her er sorg, glede, humor og fysisk spel – og mykje god song, dans og musikk. Og ikkje minst høver stemninga inne i tårnmurane so utruleg godt til Dickens’ stil!

Kainn æ få meir?

«KAN EG FÅ MEIR?»

OLIVER:

Unnskyld Sir, kainn æ få meir?

HERR BULDRE:
Ka for nåkke?

OLIVER:
Unnskyld, men kainn æ få litt meir?

HERR BULDRE:
Meir???

ENKEFRU SKRULLE:
Grip han!

HERR BULDRE:
Knip han!

ENKEFRU SKRULLE:
Flå han!

HERR BULDRE:
Slå han!

ENKEFRU SKRULLE:
Deng han!
Vreng han!
Berre ta og sleng han!

HERR BULDRE:
Vent!
Før vi gir syndar’n klar beskjed
La meg først få vite kem den sniken e’

FATTIGGUTAR:
O-li-ver!

ENKEFRU SKRULLE OG HERR BULDRE:
Oliver! Oliver!

HERR BULDRE:
Aldri skjedd før
at ein gut berre spør!

ENKEFRU SKRULLE OG HERR BULDRE:
Oliver! Oliver!

ENKEFRU SKRULLE:
Trur han blir mør
når han ser vårt humør!

HERR BULDRE:
De’ e ei mørk, smal, vindel-
trapp utan noko å gripe i
Der vi hiv han ned, og
mater han rotter med blodige striper i!

ALLE:
Oliver! Oliver!

HERR BULDRE:
Ka gjer han så
når han blir svart og blå?
Han forbanne da’n
då han fekk namnet

ALLE:
O-li-ver!

ENKEFRU SKRULLE OG HERR BULDRE:
Oliver! Oliver!

HERR BULDRE:
Aldri skjedd før
at ein gut berre spør!

ENKEFRU SKRULLE OG HERR BULDRE:
Oliver! Oliver!

ENKEFRU SKRULLE:
Trur han blir mør
når han ser vårt humør!

HERR BULDRE:
De’ e ein sota skorstein
attgrodd og skiten og trong og mørk
Putt han oppi dit, og
lat han så heng som ei lus
som e hengt te tørk

ALLE:
Oliver! Oliver!

HERR BULDRE:
Ka gjer han så
når han knapt nok kan stå?
Han forbanne da’n
då han fekk namnet

ALLE:
O-li-ver!

CHARLES DICKENS (1812–1870)

er rekna som den største forteljarkunstnaren i England, og frå fyrste stunda var han ein høgt elska forfattar. Han hadde ei uvanleg godt utvikla evne til å sjå og observera, og han hugsa sers godt. Alt som barn saug han til seg inntrykk frå hendingar og menneske han møtte. Heile livet heldt han fast på barnet sin måte å sjå ting på, og han kombinerte alle dei pussige draga eit barn legg merke til hjå folk med innsikta åt ein vaksen og fantasien åt ein dilettant.

Midt i ein lukkeleg barndom kom der ein katastrofe i Dickens-familien. Då Charles var 12 år hamna faren i gjeldsfengsel, og sjølv laut han arbeida i ein skosvertefabrikk i ein kjellar ved elva. Han skjemdest mykje over å måtta arbeida i skiten fattigdom i lag med gutar han ikkje kjende nokon fellesskap med. Han skjemdest òg over foreldra som han meinte hadde svikta. Kan henda er det difor der er so mange foreldrelause born i bøkene hans? Faren fekk seinare ei uventa arv, og familien kom raskt på føtene att. Men denne røynsla lærde honom medkjensle med alle steborna i samfunnet og dei som leid og hadde det vondt. I forfattarskapen sin gjekk Dickens i strid mot det urettvise i samfunnet.

Dickens vart den mest populære romanforfattaren i hundreåret sitt, og han gjeng for å vera ein av dei største humoristane i verdslitteraturen.