TEATERLAGET I BUL VED VEGS ENDE?

Nei vi har ikkje gått konkurs og ikkje manglar vi skodespelarar...

10. til 19. mars 2006 spelar vi stykket Vegs ende (originaltittel Journey's End) av R. C. Sherriff. Det blir rekna som ein antikrigsklassikar i England og i USA, og har lenge gått for fulle hus i London. Teaterlaget kan i vår by på premiere på eit stykke som, så vidt vi kjenner til ikkje, har vore spela på ei norsk scene før.

Litt om stykket og bakgrunnen for det:
Vi er i dei britiske skyttargravene berre dagar før det siste store tyske åtaket i 1. verdskrig. I løpet av dei første timane vart det skote over ein million granatar over dei allierte stillingane. Etter éin dag, hadde dei overkjørte britane mista nær tjue tusen soldatar. Åtaket som starta den 21. mars i 1918 fekk seinare namnet "Kaiserslacht" grunna dei uhyrlege tapstalla.

Forfattaren var sjølv med på denne krigen, og tek i stykket sitt opp spørsmål om kva som skjer med dei soldatane som lever under krigens nådelause krav. Her er krigen eit absolutt premiss, det er einskildmennesket som må bere kostnaden, og som finn ulike strategiar for å overleve i eit umenneskeleg miljø. Korleis er det mogleg for noko menneske å ta del i noko slikt, den gongen eller no i dag?

Til fronten kjem den nybakte fenrik Raleigh rett frå skolebenken. Han gler seg til å gjere teneste under sin gamle kamerat Kaptein Stanhope. Men kanskje finn Raleigh ut at ingenting er som før??.

Litt om skodespelarane:
I teaterlaget er vi så heldige at vi har teatergale medlemmar i alle aldrar. I dette stykket får vi nok ein gong gjere nytte av dette som er så unikt med BUL. I Vegs ende kan du få treffe skodespelarar frå 13 år og til dei som er over 50.
Vi er glade for at vi denne gongen har med fleire nye fjes i BUL-samanheng, samt gamle ringrevar som Magnus Lie Hetland, sist som Peer Gynt i sirkustelt på torget, og Børge Bruteig, sist sett som Birk i Ronja røverdatter på Trøndelag teater.

Noregspremiere på Vegs ende fredag 10. mars kl 19.00
i BUL salen, Søndre gt 22b (Gildevangen)

Øvrige forestillingar:
11., 13., 14., 15., 16., 17., 18., og 19. mars kl 19.00
12. mars kl 16.00.

Billettar seljes ved døra, eller bestilles på tlf 48 29 88 30
eller e-post: ranveig.brustad@gmail.com
Pris: Kr 100,-/70,- (for grupper på 10 pers. eller meir.)

Dersom de ønsker meir informasjon, ta kontakt med
Ranveig Brustad, ranveig.brustad@gmail.com,
telefon 48 29 88 30

Med helsing
-Rickard Skjong, instruktør
-Ranveig Brustad, produsent