Barnegruppa
spelar Roald Dahl
Trine er på hotellferie med bestemora etter at foreldra omkom i ei bilulykke.
Der møter ho den matglade guten Bruno som er på ferie med foreldra
sine. På hotellet havnar dei blant ein gjeng damer som deltar på
årsmøtet til Det Kongelege Selskap til Bekjemping av Barnemishandling
- og dei oppdagar at disse damene har ein grusom plan. — Men dei kan
vel ikkje vere hekser!? Dei har jo ikkje tåpelege svarte hatter og dei
rir ikkje på kosteskaft. Dei har derimot heilt vanlege klede og ser
stort sett ut som kvinner flest.
Det er barnegruppa i Teaterlaget som viser denne forestillinga, med barn frå 9-12 år, samt nokre statistar.
Regi: Marit Eriksen
Billettar på ilamarit@live.no
og ved inngangen
(kr 50 barn/vaksen/student/honnør)
Speleplan
Premiere fredag 30. januar kl 18:00
Laurdag 31. januar kl 16:00
Søndag 1. februar kl 15:00 og 17:00
Alle dagar i BUL-salen, Søndre g 22B
Plakat: Nina Hedvig Eriksen