Om produksjonen

Rolleliste

Foto

Historisk bakgrunn:
Posepiltane hadde løyve til å tigge.
Byen var delt i 7 område, eitt for kvar dag i veka. Dei hadde med seg korger til brød og anna, og ei bøsse til pengar. Kvart år fekk dei 60 alen vadmel (vømmøl) frå sju gardar i Vågå, avgifta frå to fortøyings-ringar på Lillefosen (Kristiansund) og ein del av kyrkje-tienden frå Strinda. Dei hadde og ei eiga bøsse som vart bore rundt i alle kyrkjelydane i soknet på høgtidsdagar. Magister Simon Hoff frå Danmark, lektor og forstandar, var ein korrupt og forgjelda mann. Det året han døydde (1708), vart han sikta for undeslag av midlane til posepiltane. Han vart dømd til å betale erstatning for ei rekkje brot til stiftelsane og Latinskolen.

 

 

Erkebispegården 2008: Jul i Throndhiem

”Jul i Throndhiem” er eit julespel lagt til sist på 1600-talet, på den tida då offisiell skrivemåte på byen var Throndhiem og posepiltane vandra rundt i bygatene og song og tagg mat.

Det var store forskjellar mellom dei rike og dei fattige barna, og stykket viser glimt frå desse miljøa og frå møte mellom fattig og rik.

Dramatisk blir det når dei oppdagar at nokon stel frå dei fattige – men kan ungane greie å rydde opp i det? Det er duka for spenning og god, gammaldags førjulsstemning i Erkebispegården.

LydvoStykket er skrive av Hallvard Lydvo, og vart første gong spela i Arbeiderforeningen før jul i 2000. To gonger er stykket spela i BUL-salen. Som tidlegare er det barnegruppa som er grunnstammen i oppsetninga, supplert med enkelte ungdommar og vaksne frå Teaterlaget.

Speleplan:
fredag 5. desember kl 18:00
laurdag 6. desember kl 14:30 og 17:30
sundag 7. desember kl 14:30 og 17:30
måndag 8. desember kl 18:00

- alle dagar i Øysteinsalen i Erkebispegården, ved Nidarosdomen

Billettar kr 100/80/50 (vaksne/grupper/barn; til sals ved inngangen og på ilamarit@live.no)

Teaterlaget har sett opp "Jul i Throndhiem" i alt 4 gonger: 2000 i Arbeiderforeningen, 2001 og 2006 i BUL-salen, og no altså i ærverdige Erkebispegården.


 

 

 

 

 

 

Jul i Throndhiem 2000, Arbeiderforeningen. Foto: Ivar Smith-Nilsen