Kva
er det eigentlig som skjer i Lilleskogen? Kvifor er den forbode? Kva skjer
når barna går inn i skogen likevel? Og korleis oppfattar barn
farlege og dramatiske hendingar?
Spørsmåla er mange i teaterstykket Lilleskogen som ungdomsgruppa i Teaterlaget i BUL Nidaros sett opp i helga 7.-10. mars. Stykket er skrive av Jesper Halle, og det er dei unge regissørdebutantane May-Britt Schei Andersen og Runar Christoffersen Walsø som har ansvaret for oppsetninga i BUL-salen.
Stykket ser dei dramatiske og skjulte hendingane frå barnas synsvinkel, og syner at barn oppfattar meir av det som skjer rundt dei enn de vaksne trur. Dei skaper sin eigen verkelegheit der dramatiske hendingar som overgrep, vald og daud dannar bakteppet. Sentralt står den forbodne Lilleskogen som barna trekkes imot, sjøl om det skjer grusomme ting i skogen.
15-16-åringane i Teaterlaget spelar barn mellom 5 og 8 år, men dette er ikkje noko stykke som passar for små barn. Målgruppa er ungdom og vaksne.
Speleplan:
fredag 7. mars kl 19:00
laurdag 8. mars kl 14:00 og 17:00
søndag 9. mars kl 16:00
måndag 10. mars kl 18:00
- alle dagar i BUL-salen, Gildevangen, Søndre g 22B
Billettar kr 50/75 på teaterlaget@bulinidaros.no
og ved inngangen.
Kontaktperson: May-Britt Schei Andersen tlf. 40633435