Om produksjonen

Rolleliste

Foto

 

 

Ungdomsteater 2008: Og så var det ingen

Ti menneske er på ferie på ei øy. Vertskapet er herr og fru O'Nym. Men alt den første kvelden byrjar mystiske ting å skje. Verten og vertinna har ikkje dukka opp. Og kven er dei, eigentleg? I huset heng eit rim der ti små barn vert drepne ein etter ein. Og når den første av gjestane døyr brått, spreier uhygga seg: Er det ein mordar på øya?

Ungdomsgruppa viser thrilleren "Og så var det ingen" (tidlegare kjent som "Ti små negerbarn") av Agatha Christie. Regi: Ragnhild Ljosland.

Speleplan:
fredag 7. november kl 19:00
laurdag 8. november kl 15:00 og 18:00
sundag 9. november kl 15:00
tysdag 11. november kl 19:00

- alle dagar i BUL-salen, Gildevangen, Søndre g 22B

Billettar kr 50 (til sals ved inngangen)