Om produksjonen

Rolleliste

Foto

 

 

2007: Det blæs på månen

Speleplan:
fredag 9. november kl 18:00
laurdag 10. november kl 15:00 og 18:00
søn dag 11. november kl 15:00
tysdag 13. november kl 18:00
torsdag 15. november kl 18:00
fredag 16. november kl 18:00

- alle dagar i BUL-salen, Gildevangen, Søndre g 22B

Billettar kr 50 på teaterlaget@bulinidaros.no og ved inngangen.
Stykket passar for barn frå ca fem år og oppover

Handlinga: Dina og Mina er søstrer, og synest det er vanskeleg å vite kva som er snilt og kva som er slemt. Det kjem jo an på kva side ein ser ei sak ifrå! Faren deira skal dra av garde i krigen, til eit fjernt land som heiter Bombardia. Den kvelden han skal reise, åtvarar han Dina og Mina: No blæs det på månen, og dersom de er slemme no, så blæs den vonde vinden rett i hjarta på dykk. Og da kjem de til å vere slemme i lang tid! Så Dina og Mina prøver å vere så snille dei kan. Dessverre synest ikkje faren det er spesielt snilt å klatre opp i epletreet mens det er storm ute og henge bjøller på alle greinene. ”No har de vore slemme mens det blæs på månen”, seier han. Så Dina og Mina kan ikkje anna enn å konkludere med at dei er nøydde til å fortsette med å vere slemme i lang tid framover. Og det slemmaste dei kjem på, er å gå til ei heks i skogen og be om ein trylledrikk som kan gjere dei om til skumle dyr. Uheldigvis er grev Sitronius på jakt etter nye dyr til dyrehagen sin. Så ikkje lenge etter er dei alle fanga: Dina og Mina som dyr i dyrehagen, og faren deira i den mørke fangekjellaren under borga til den slemme diktatoren Grev Hulagu av Bombardia. Korleis kjem dei seg ut av denne knipa?

”Det blæs på månen” er opphavleg ei ustyrteleg morosam, men også til tider alvorleg bok, skrive av den orknøyske forfattaren Eric Linklater. Forfattaren kjempa sjølv, og vart nesten drepen, i første verdskrigen. Den alvorlege sida av stykket kjem fram i historia om faren til Dina og Mina, som er nøydd til å reise frå barna sine til ein usikker skjebne. Samtidig er heile stykket spekka med elleville påfunn, frå bjørnen som les aviser, til dei to soldatane som fekk ordre om å grave seg inn under fiendelinjene og grov litt langt, slik at dei kom ut hundre år seinare utan å ha fått vite at krigen var over for lengst, til den fæle diktatoren som mest av alt gleder seg over å sjå menneske bli pint mens han et sjokoladekaramellar. Og hovudtemaet i stykket kan vel alle barn kjenne seg att i: Kva er snilt og kva er slemt, og korleis i all verda skal ein vite forskjellen?