Eventyrlege Peter Pan til Munkholmen

peter panHistoria om guten som ikkje vil verta vaksen, Peter Pan, er sommarmusikkspel på Munkholmen frå 9. til 30. juni 2006.

Historia om Wendy og dei to brørne hennar som vert henta av Peter Pan til Aldriland burde vera kjend for mange. Her vert det like skummelt som det skal vera, med indianarar, Tingeling og kaptein Krok og piratane hans. Peter Pan er «fantasi» for barn. Eit stykke der alt er ein leik, men ein leik der alvoret blandar seg inn.

Skotten James Matthew Barrie skreiv historia om Peter Pan for vel 100 år sidan, og stykket finst i fleire ulike scene- og musikkspelversjonar. Barrie gav alle rettane til Peter Pan til eit barnesjukehus i London, og jamvel oppsetjinga på Munkholmen gjev inntekter til dette sjukehuset.

– Vi har valt ein musikkspelversjon som aldri har vore på ei norsk scene før. Slik sett er det ein norsk urpremiere, fortel regissør Maria Rødset. – Det er skrive av David Barrett, og vi har sett det om til trøndersk.

Sunniva Hovde har det musikalske ansvaret og scenografien er ved Bente Rødahl.

Billettar på Olavshallen (tel. 73994050), på Posten og hos Billettservice
Vaksne 160 kr, born 130 kr. Eigne prisar for grupper. Båt til Munkholmen ikkje inkludert.
Måndag – fredag: kl. 18.30
Sundagar: kl. 15.30 Sundag 18. og 25. juni òg kl. 18.30
Ingen framsyningar på laurdagar.

Les meir om Peter Pan