Karstein Solli instruerer deltakarane i Peer Gynt - framsyninga.
Foto: H. Langeland.
Sjå video med glimt frå boka her (utan lyd) eller her (med lyd).
NB! Videoen har langt dårlegare kvalitet enn boka.
Det vart først laga to prøve-eksemplar, ei stor og ei lita. Boka som er til sals er den store boka. I videoen blir ho referert til som "Storboka".
Songlaget gjev ut ei minnebok frå BUL si 100 års-jubileumsframsyning av Ibsens Peer Gynt i
eit sirkustelt på Tovet i Trondheim hausten 2004.
Minneboka har mange flotte bilde og har og med tekstar frå Henrik Rytter si omsetjing av
Henrik Ibsen sitt skodespel.
Bileta vart teke på øvingar, i sminkerom og under framføringa. På to-tre dagar vart det teke 8-900 bilde med det miljøet som var der og då, med det lyset som var osb.
Boka kostar kr. 460 (+ evt. kr. 95 i pr. bok i frakt).
Boka har 106 sider med om lag 330 bilde og er laga i liggande A4-format med tjukt 120
grams glatt og sterkt papir som toler slitasje. Det er tjukke omslag i matt plast.
Innbindinga er spiral i ryggen. Det er gjort for at du skal kunne opne boka heilt og
til og med folde boka utan at ho knekk i ryggen og du få lause ark.
Det er Helge Langeland i Songlaget i BUL som har laga boka.
Boka er ei flott gåve!
Det er enno ikkje for seint å få fatt i boka ...
Det fins nokre få eksemplar for salg på lagskontoret og vi sel ut dei eksemplara som er trykt opp. No gjeld "først til mølla".
Om du vil ha Peer Gynt-boka, kontakt Grete på lagskontoret tel. 73 51 42 58
Spørsmål?
Dersom du har spørsmål, send e-post til
peergynt @ langeland . no eller ring Helge
på tel. 9119 8009
Feil i boka?
Dersom du finn feil i boka, eller kjenner namnet til ikkje- namngjevne personar i
boka, send informasjonen til Helge, så blir det retta opp i evt nye opplag.