Vår Frue Kyrkje. Konsert med Nardo Bydelsorkester 2008.
Vil du syngje i et blandakor med godt sosialt og utviklande
miljø? Kontakt gjerne ein i styret eller dirigenten om du vil bli med.
Vi tar opp nye songarar i alle stemmegrupper - tenor, bass,
sopran og alt - og ynskjer nye (og gamle) songarar velkomne til Songlaget.
Du får hjelp til å finne din plass i koret og kan vere med ei tid for å finne ut om du likar deg. Vi byr deg god korsong og triveleg og utviklande miljø i ein allsidig kulturell organisasjon. For å vere medlem i Songlaget må du og vere medlem i BUL i Nidaros, men dette kan ordnes samstundes.
Glede og utfordring
Vi arbeider for eit skapande miljø og legg stor vekt på songglede og personleg vekst for medlemene. Songen er så klart i sentrum, men det er og mogleg å fremje andre sider ved seg sjølv. Til dømes har fleire av medlemane i koret arrangert/komponert songar koret har sunge.
Song gjev glede. Det er viktig å ha det artig på øvingane og ein vert enno gladare av å syngje godt. På øvingane lærar vi betre song- og korteknikk for å bli betre songarar, både som einskilde individ og koret som ei eining. God teknikk gjer oss og tryggare og friare til å våge å synge ut. Korkje tidlegare korerfaring eller kjennskap til noter er krav for å bli med i Songlaget, men det er inga hindring.
Tidlegare reportoar; songar og komponistar
Peer Gynt (Einar Olav og Gjermund Larsen og Erlend Fagertun)
Haugtussa-songar (Grieg/Garborg m. fl.)
Grønt lauv i snyen (E. Fagertun/A. Hanssen)
Käraste bröder (Bellman)
Vals i Tango (Powel Ramel)
Danse mi vise (Goksøyr/Kjøsnes/Skjæraasen)
God morgen, Norge (Dolmen & Lorentsen, arr A. M. Raaness)
Jenta ho gjekk seg uppå ei hø (Folketone arr. H. Sommerro)
O vos omnes (I. Mocora)
Peer Gynt (E.O. & G. Larsen/tekst H. Ibsen)
Wachet auf - kantate (J. S. Bach)
Kråkevisa (trad./arr. A. Raaness)
Konsertopptak o.l.:
Ottesong i Nidarosdomen 17.mai 2008 med Petra Bjørkhaug på orgel/piano:
Kva for songar syng Songlaget?
Vi syng ulike typar songar og sjangrar frå ulike land, men med
hovudvekt på songar frå Noreg. Reportoaret spenner vidt og innehelt alt fra større korverk til
salmar, skjemteviser og folketoner. Hovudvekta ligg på klassisk musikk,
kyrkjemusikk og folkemusikk, men med ein og annan avstikkar til popmusikk,
jazz og andre sjangrar.
Vi syng både eldre og heilt nyskriven musikk.
Lytt til opptak gjort i Vår Frue kyrkje 26. november 2008 med Erlend Os på orgel/piano:
Songlaget har eit noteutval som i samarbeid med dirigenten og styret sett tema for semesteret og legg frem kva for songar som skal syngjast. Innspel frå øvrige kormedlemmer er alltid velkomne. Tema eller raud tråd varierar frå år til år og kan t.d. vere tonar frå ulike land (2011), "juleglede" (2010), "Planeten Jorda" (2008/2009), tekstar av Einar Skjæraasen (2007/2008), "Tussar og troll" (2006), folketonar i ny og gamal drakt (2005), komponistar med tilknytning til Trondheim (2007), etc.
I Nidarosdomen 17. mai, oppvarming til Ottesong.
Foto: H. Langeland.
Songlaget skal vere til hygge og nytte både i og utanfor BUL.
Songlaget har ein hovudkonsert pr semester, men har og fleire småkonsertar
gjennom semesteret, t.d. på ulike institusjonar i Trondheim og som "busksong".
Eit døme på gamle tradisjonar er at vi syng på Ottesong (morgonmessa) i
Nidarosdomen 17. mai. Eit anna døme er at vi syng på juleavslutninga til BUL.
Vi har og kaffepause med kake e.l. til sjølvkost på øvingane (kven som tar med går på rundgang), går innimellom på kafé etter øvingane og avsluttar kvart semester med ei sosial samling.
Du kan lese meir om Songlaget på historie-sida (sjå lenke lenger opp på sida).