Songlaget

Aktuelt|Bli med/opptak|Kontakt| Kalender|Dirigent| Historie|Notar (intern)| Jubileum 100 år | Norges Korforbund Sør-Trøndelag

Velkommen til julemesse 8. desember 2012 i Trondheim sentrum

Bli med og skap julestemning på Songlaget si julemesse i BUL-salen laurdag 8. desember!

Andre helga i advent er det endeleg klårt for Songlaget i BUL si julemesse i BUL-salen (Søndre gt. 22b).

I tillegg til sal av handverksprodukt blir det og sal av kaffe og lodd med gode premiar.

Opningstider
Laurdag8.121000-1600 


Vil du selje noko?

Driv du med tekstil, tre, glas, keramikk, smykke, stein, plantar eller anna materiale og lagar noko som andre kan tenkje seg å kjøpe til seg sjølv eller som gåver?

Songlaget har den gleda av å innby deg som utstillar til julemessa 2011. Messa blir marknadsført som ei salsmesse, og vi ynskjer i første rekke utstillarar med produkt, bakst, tradisjonsmat og andre kvalitetsvarar som passer på ei julemesse.

For påmeldingsavgifta på 300 kr får du eit salsbord sett saman av to for begge dei to dagane (storleiken på borda kjem så fort vi har tatt mål av dei, men samla bredde er ein stad mellom 2 og 2,5 m).

Har du produkt du vil selje kan du melde deg på til Rønnaug innan 1. november.

Praktisk informasjon

Viktige datoar
1. november: Påmeldingsfrist
10. november: Utsending av infobrev til utstillarar.
20. november: Betalingsfrist.
Logistikk
BUL-salen ligg midt i Trondheim sentrum i kjellaren i Søndre gate 22b med inngang frå Carl Johans gate.
Salsborda er disponible frå laurdag kl. 0930. Det er i utgangspunktet ikkje bakvegg eller ribbevegg ved borda, men det er mogleg å ta med eigne stativ etc.

Påmelding/Spørsmål?

Dersom du vil melde deg på eller har spørsmål om noko, kontakt Rønnaug
e-post ro-moelm @ online . no eller telefon 90207106.
Utanom perioden 23.-30. oktober kan du og kontakte Agnes på telefon 93205519.