Songlaget
Velkommen til julemesse 3.-4. desember 2011 i Trondheim sentrum
Bli med og skap julestemning på Songlaget si julemesse i BUL-salen 3.-4. desember!
Andre helga i advent er det endeleg klårt for Songlaget i BUL si julemesse i BUL-salen (Søndre gt. 22b).
I tillegg til sal av handverksprodukt blir det og sal av kaffe og lodd
og tombola med gode premiar.
| Opningstider |
| Laurdag | 3.12 | 1000-1600 | |
| Søndag | 4.12 | 1000-1600 | Hovudlotteriet trekkast ca 1530 |
Vil du selje noko?
Driv du med tekstil, tre, glas, keramikk, smykke, stein, plantar eller anna materiale og lagar noko som andre
kan tenkje seg å kjøpe til seg sjølv eller som gåver?
Songlaget har den gleda av å innby deg som utstillar til julemessa 2011. Messa blir marknadsført som ei
salsmesse, og vi ynskjer i første rekke utstillarar med produkt, bakst, tradisjonsmat og andre
kvalitetsvarar som passer på ei julemesse.
For berre 400 kr får du eit salsbord sett saman av to for begge dei to
dagane (storleiken på borda kjem så fort vi har tatt mål av dei, men
samla bredde er ein stad mellom 2 og 2,5 m).
Har du produkt du vil selje kan du melde deg på til Mona innan 1.
november.
Praktisk informasjon
- Viktige datoar
- 1. november: Påmeldingsfrist
- 1. november: Utsending av infobrev til utstillarar.
- 20. november: Betalingsfrist.
- Logistikk
- BUL-salen ligg midt i Trondheim sentrum i kjellaren i Søndre gate 22b med inngang frå Carl Johans gate.
- Salsborda er disponible frå laurdag kl. 0930. Det er i utgangspunktet
ikkje bakvegg eller ribbevegg ved borda, men det er mogleg å
ta med eigne stativ etc.
Påmelding/Spørsmål?
Dersom du vil melde deg på eller har spørsmål om noko, kontakt Mona på
e-post durogmoll @ hotmail . com eller telefon 986 47 177.