Songlaget

Aktuelt|Bli med/opptak|Kontakt| Semesterplan|Dirigent| Historie|Notar (intern)| Norges Korforbund Sør-Trøndelag

Aktuelt

5. februar Nidarosdomen

Songlaget syng på studentkyrkjelyden si gudsteneste og markering av Samefolkets dag i Nidarosdomen søndag 5. februar kl. 18.

Oppmøte for koret kl. 1445 for øving i kjellaren. Hugs notar i sort perm og nypussa sko. Om du ikkje et rett før du kjem ta og med ein matbit og drikke til deg sjølv.

 

Ekstraøving 29. januar

Fredag kl. 1730-2000
(middag kl. 17)

Songpedagog Christer Aanestad kjem for å jobbe med oss.
Hugs å sjå over notane før du kjem slik at du kan stemma di sånn høveleg på dei fleste songane. Bruk og øvingsfilane

 

Semesterstart 9. januar 2012

Vårsemesteret 2012 startar måndag 9. januar

Nye og gamle korsongarar er velkomne. I vår skal vi jobbe med internasjonal folkemusikk. Semesterplanen finn du her.

 

Arkiv

Barnekoret i BUL

Kjenner du ongar i barneskulealder som vil vere med i ei barnegruppe i Songlaget?

Øving annakvar måndag kl. 1700-1830.

For meir info kontakt Mona.

 

Opptak av nye songarar
(ungdom og vaksne)

Likar du å synge og vil bli med i eit blandakor med eit godt sosialt og utveklande miljø? Vi tar opp nye songarar i alle stemmegrupper - sopran, tenor, bass og alt.

Songlaget øver måndagar kl. 19.00 - 21.30 i BUL-salen i underetasjen til Gildevangen hotell, Søndre g. 22 B.

Vårsemesteret 2012 startar 9. januar.

Les meir om opptak (her finn du óg generell informasjon om koret) og sjå på semesterplanen.

Dampsaga kulturhus, Steinkjer 15. nov. 2009. Konsertversjonen av Peer Gynt. På biletet er og komponist Einar Olav Larsen (fele) og Hans Hulbækmo (tromme).
Foto: B. O. Grøtan

Julemesse 2011

3.-4. desember i BUL-salen.
Utstillarar/ seljarar må kontakte Mona innan måndag 1. november.
Les meir

For salg

Peer Gynt minnebok
Minneboka inneheld bilete frå øvingar, i sminkerom og framføring. Framleis nokre få bøker att på lagskontoret.
Les meir

Historisk samlebilete
Samlebilete med historiske bilde frå Songlaget fra 1974-2004.
Les meir