Songlaget

Aktuelt|Bli med/opptak|Kontakt| Semesterplan|Dirigent| Historie|Notar (intern)| Norges Korforbund Sør-Trøndelag

Historisk samlebilete, Songlaget

Collage & foto: H. Langeland.
Klikk på det for å sjå det i større utgåve.

NB! Det biletet du ser her på vevsidene er sterkt forminska og kan ikkje måle seg med det du får.

Det er Helge Langeland i Songlaget i BUL som har laga samlebiletet.

No kan du kjøpe biletet til venstre i A3- eller A4-format og god kvalitet på glatt, tjukt papir.

Biletet blir selt for å gje glede og gode minner til gamle songlagsmedlem og inntekter til korkassa.

Kjøper du biletet stør du arbeidet til Songlaget. Vi reknar med at det er mest interessant for tidlegare medlemer som ser attende på tida i Songlaget med glede og gjerne vil stø Songlaget økonomisk. Difor er biletet ikkje direkte billeg, men du kan få det ved å betale 150 kroner - eller meir - dersom du ønskjer å gje meir støtte til Songlaget.

Korleis kan samlebiletet kjøpast?
For å bestille det må du betale inn det beløpet du vil gje (minst kr 150 pluss evt frakt; 50 kr) til konto 4040.14.46399 merka "Bilde-1 Songlaget".

Når det er klart kan du kan hente det på lagskontoret i kontortida. Dersom du vil ha det tilsendt, kjem kostnader til pakking og sending i tillegg med kr. 50.-.

Hugs å oppgje namn og full adresse ved innbetalinga. Dersom du vil hente bilda på lagskontoret - ring då først tel. 73 51 42 58 i kontortida for å vere sikker på at bilda er klare til henting.

Kan større versjonar av småbilda kjøpast?
Ja! Dei fleste og fleire andre kan kjøpast.

Småbilda vil vere i størrelse ca 10x15 cm (25 kr/stk) eller 15x20cm (40 kr/st). 20% rabatt ved kjøp av minst 10 småbilete.

Kor kan eg sjå nærare på det?
Du kan klikke på biletet til venstre, eller sjå ein stor versjon av det som heng ved høgre inngangsdør til BUL-salen i garderoben.

Kven er med og når er bileta teke?

Øverst frå venstre:

Venstre kolonne:

  • Kranselegging 17.mai utanfor Nidarosdomen

    Midre kolonne:

  • Ottesong i Nidarosdomen.
  • Oppvarming i Olavshallen Lille Sal før konsert i 2004
  • Dirigent Edit i aksjon, 1972.

    Høgre kolonne:


    Spørsmål?
    Dersom du har spørsmål kan du sende e-post til
    helge @ langeland . no eller ring Helge på tel. 9119 8009