Nytt korsemester startar 30. august
Nye og gamle korsongarar er velkomne!
I haust skal vi jobbe fram mot ein meir eller mindre rein julekonsert og semesterplanen finn du her
Likar du å synge og vil bli med i eit blandakor med eit godt sosialt og
utveklande miljø? Vi tar opp nye songarar i alle stemmegrupper - sopran, tenor,
bass og alt.
Songlaget øver måndagar kl. 19.00 - 21.30 i BUL-salen i underetasjen til Gildevangen hotell, Søndre g. 22 B.
Haustsemesteret 2010 startar 30. august.
Les meir om opptak (her finn du óg generell informasjon om koret) og sjå på semesterplanen.
Dampsaga kulturhus, Steinkjer 15. nov. 2009. Konsertversjonen av Peer Gynt. På biletet er og komponist Einar Olav Larsen (fele) og Hans Hulbækmo (tromme).
Foto: B. O. Grøtan
Peer Gynt minnebok
Minneboka inneheld bilete frå øvingar, i sminkerom og framføring. Framleis nokre få eksemplar
for salg på lagskontoret.
Les meir
Historisk samlebilete
Samlebilete med historiske bilde frå Songlaget fra 1974-2004.
Les meir