Grasrotandelen: Tippe- og lottomidlar til BUL!
Tippar du? Då kan du gje «grasrotandelen» på 5 % av spelinnsatsen til lokallaget ditt!
Det greiaste er å gje opp «Bondeungdomslaget i Nidaros» neste gongen du tippar. Organisasjonsnummeret til BUL er 971 377 976.
 

PROGRAM

Heile programoversynet

Ver merksam på at der anna ikkje er skrive, er øvingane og tilskipingane i lagssalen, Søndre gate 22 B.


Nidaros er det historiske namnet åt Trondheim by. Bondeungdomslaget vart skipa i 1904 og har i dag meir enn 200 medlemer. BUL i Nidaros har til føremål å samla barn og ungdom i alle aldrar til eigenaktivitet i eit godt og rusfritt miljø, og taka vare på norsk kultur og norsk mål.


Nyårsfest
Laurdag 15. januar klokka 19.30 vert det variert dansemusikk i BUL-salen ved Trondheim Toradergruppe og spelmannslaget i BUL i Nidaros. Kaffi og kaker. Billett: 100,– Medlem BUL/NU: 70,–
Les meir [12.01.11]


Songlaget tar opp nye medlemmer
Songlaget tar opp nye i alle stemmegrupper - sopran, tenor, bass, og alt.
Semesteret startar 10. januar, så berre kom! Internasjonale folketonar er tema for våren. Les meir [15.12.10]

Er det interesse for eit barnekor i BUL? Kontakt Mona for meir informasjon. Les meir [15.12.10]

Stille natt! Heilage natt! 11. desember kl. 19
Songlaget inviterar til julekonsert laurdag 11. desember kl. 19 i BUL-salen.
Musikarar frå konservatoriet er og med og spelar.
Det blir både kjende og mindre kjende julesongar. Gløgg og pepparkaker.
Les meir [08.12.10]


Julemesse 27.-28. november
Songlaget arrangerar julemesse i BUL-salen laurdag 27. og søndag 28. november. Opningstider er 11-17 laurdag og 11-16 søndag.
I tillegg til sal av handverksprodukt blir det og sal av kaffe, lodd og tombola.
Les meir [03.11.10]


Dogmestemning i BUL-salen 19.-26. november
Det blir ein fest litt utanom det vanlege, når vi i haust set opp teaterversjonen av Thomas Vinterbergs dogmefilm Festen, frå 1998. Instruktør er Trond-Ove Skrødal, med Ingrid Kummeneje som regiassistent.Stykket blir spela kl 19:00 kvar dag frå fredag 19. til fredag 26. november. Billettar på teaterlaget@bulinidaros.no og ved inngangen.

 

Premiere på Den innbilt sjuke fredag 15. oktober
Det er ein ellevill, klassisk komedie ungdomsgruppa i BUL har gjeve seg i kast med i haust: Molières Den innbilt sjuke, skrive i 1673. Premiere fredag 15. oktober kl 18:30. Stykket blir også spela laurdag 16. oktober kl 15 og 17, måndag 18. oktober kl 19 og tysdag 19. oktober kl 18:30. Billettar kr 70/50, ved inngangen.
[14.10.10]

Omframt årsmøte onsdag 29.09.: Skal BUL-salen byggjast om til moderne kulturscene?
Årsmøtet vedtok at BUL skal setja i gang eit forprosjekt mtp. å byggja om BUL-salen i Søndre gate 22 B til eit scenelokale som kan eigna seg betre for både eigne og eksterne kulturframsyningar. I denne omgangen vart det løyvd inntil 200 000 kroner til føremålet, og midlane skal takast frå finansfondet.

Sommarteater på Munkholmen 2010: Skjønnheten og udyret
Sjå fotoalbum, melding av Martin Nordvik, omtale i byavisa.no og videoinnslag i adressa.no.
[05.06.10]

 

Program for 17. mai 2010
kl. 08.15 Ottesong i Nidarosdomen med songlaget i BUL.
kl. 10.00 Kaffisal i BUL-salen, Søndreg. 22 B.
kl. 12.15 Oppstilling ved Gildevangen til folketoget (ev. kl. 13.00 ved Katedralskolen).
[11.05.10]


Konsert: Ei salig blanding
Torsdag 6. mai kl. 19.30 har Songlaget konsert i orgelsalen i Olavskvartalet saman sopransolist Ingrid Fostad.

Les meir [05.05.10]


Valdresspringar med Kjellbjørn Karsrud fredag 5. mars
Folkedanslaget bed inn til dansekveld med valdresspringar på BUL-hytta fredag 5. mars kl. 20–24. Spelmann er Kjellbjørn Karsrud frå Valdres. Inngangspengar er 80 kr (medlem); 150 kr (ikkje-medlem).

Kom òg på onsdagsleiken 3. mars (kl. 19.30 i BUL-salen i Søndre gate 22 B). Då kjem Hilde Rudi Bråten og rettleier i valdresspringar. Det er eit framifrå høve til å bu seg til fredagskvelden to dagar seinare. [25.02.10]


Nyårsfest
Laurdag 16. januar klokka 19.30 i BUL-salen vert det variert dansemusikk ved Trondheim Toradergruppe og spelmannslaget i BUL i Nidaros. Kaffi og kaker. Billett: 100,– Medlem BUL/NU: 70,–
Les meir [06.01.10]


Songlaget tar opp nye medlemmer
Songlaget tar opp nye i alle stemmegrupper - sopran, tenor, bass, og alt.
I vår startar vi med ein fresk og ny dirigent.
Semesteret starta 11. januar, men det er enno ikkje for seint å bli med.
Les meir [12.01.10]



Arkiv 2009

Arkiv 2008

Arkiv 2007

 


Velkomen til vevsidene åt BUL i Nidaros – webadmin@bulinidaros.no