PROGRAM
Grasrotandelen:
Tippe- og lottomidlar til BUL!![]() |
Nidaros er det historiske namnet åt Trondheim by. Bondeungdomslaget vart skipa i 1904, og har i dag rundt 250 medlemer. BUL i Nidaros har til føremål å samle barn og ungdom i alle aldrar til eigenaktivitet i eit godt og rusfritt miljø, og ta vare på norsk kultur og norsk mål. |
Peer Gynt-konsert
Søndag 15. november klokka 13.30 blir konsertversjonen av Peer Gynt sett opp under
Hilmar-festivalen på Steinkjer. Dampsaga kulturhus kl. 1330.
Einar Olav Larsen med Frigg, Songlaget, Spelemannslaget, dansarar frå Folkedanslaget og skodespelarar frå Teaterlaget er med.
Les meir
[10.11.09]
Haustleikhelga
Fredag 16. oktober klokka 20.30 kjem meisterspelmannen
Tron Steffen Westberg til BUL-hytta
og spelar framifrå rørospols. Laurdagskvelden er det leikfest i BUL-salen.
Klokka 20.00 spelar Alvdal spell-og danselag mykje pols, og attåt kjem annan runddans, sving, songdans
og turdans. Kakebord og trøndersodd. Det er ikkje forbod mot å bruka bunad...! [10.10.09]
Songlaget
tar opp nye medlemmer
Songlaget tar opp nye i alle stemmegrupper - tenor, bass,
alt og sopran.
I haust tek vi mellom anna opp at Peer Gynt-songane frå 2004.
Semesteret starta 31. august, men det er enno ikkje for seint å bli med.
Les meir [10.09.09]
Magisk
Aladdin på Munkholmen
Publikum og kritikarar er samstemte: Årets sommarteater på Munkholmen
er magisk, og "BUL-gjengen er i storform", som Adresseavisens Martin
Nordvik skriv i si melding av stykket. Det er altså god grunn til å
ta turen til Munkholmen i sommar. "Aladdin" blir spela kvar dag
utom laurdagar fram til og med 3. juli. [17.06.09] Les
meir
Det
blir sommarteater på Munkholmen i år også!
Trass i at båttransport for teaterpublikum til Munkholmen lenge hang
i ein tynn tråd, kan vi no invitere på familieteater i Munkholmtårnet
for 26. år på rad. Denne gongen byr vi på Aladdin, ei magisk
oppsetning henta rett frå 1001 natt - krydra med Bollywood og hip-hop.
Regi: Marita Rødset. Musikk: Sunniva Skjørstad Hovde. [20.05.09]
Les meir
Program
for 17. mai 2009
kl. 08.15 Ottesong i Nidarosdomen (med songlaget i BUL).
kl. 10.00 Kaffisal i BUL-salen, Søndreg. 22 B.
kl. 12.15 Oppstilling ved Gildevangen til folketoget.
kl. 18.00 Hyttekveld. Sjå plakaten.
[06.05.08]
Ungdomsgruppa
med bobler 17.-23.
april
Teaterlaget
er også i år tatt ut til å delta i DUS - Den unge scenen.
No er det duka for premiere på Blowing Bubbles av Erlend Sandem i BUL-salen
17. april, med etterfølgjande deltaking på DUS-festivalen på
Trøndelag Teater 24.-25. april. Regi: May-Britt Schei-Andersen og Runar
Chr Walsø [15.04.09] Les
meir
Lagsmøte
15. april kl. 18.00
Val av utsendingar til årsmøte i Noregs Ungdomslag
Lagsstyret kallar inn til lagsmøte onsdag 15. april
klokka 18.00 i Dronningens g. 23. På lagsmøtet skal BUL velja utsendingar
til årsmøtet i Noregs Ungdomslag, 30. og 31. juli på Hamar.
Konsert: ...du
er min hjertemedisin
Laurdag 25. april kl. 18.00 har Songlaget konsert i BUL-salen
saman Erlend Os på klaver og Olav Slagsvold på saksofon.
Les meir [11.04.09]
Påskekrim
av Knut Nærum 27. mars—5.
april
Det
er duka for spenning, intrikate forviklingar og humor på mange plan
når Teaterlaget byr på Knut Nærum sin kriminalfarse "Mord
over ein låg sko" like før påske. Det er på
1930-talet, og vi er i herskapshuset Såleborg hos skomagnat Hermann
Platt i Platt Sko AS. Regi: Rickard Skjong. [01.03.09]
Les
meir
"Gjøkeredet"
i BUL-salen 27. februar—7.
mars
Mange hugsar filmen
“One flew over the cuckoo's nest” med Jack Nicholsen
som McMurphey, opprøraren som bles frisk luft inn i asylet og snur
opp ned på heile systemet. No gir Teaterlaget seg i kast med stoffet,
og byr på ei oppsetning med humor, galskap(?) og ettertanke. Regi: Espen
Børø. [17.02.09] Les
meir
Lær
deg Røros-pols til Rørosmartnan!
Nybyrjarkurs i Røros-pols med instruktør Hill-Aina Steffenach.
Laurdag 7. februar 11.00–16.00, sundag 8. februar 11.00–15.00, onsdag
11. februar 18.00–20.00 og onsdag 18. februar 18.00–20.00 i BUL-salen,
Søndre gate 22 B (under Gildevangen hotell). Det kostar 480 kr (350 kr for
medlemer). Vel møtt! [29.01.09] Les meir
Barnegruppa
syner ”Heksene”
av Roald Dahl
Kan damene i "Det Kongelege
Selskap til Bekjemping av Barnemishandling" vere hekser når dei
ser heilt vanlege ut? Det er duka for spenning og skumle saker i BUL-salen
når barnegruppa 9-12 år gir seg i kast med Roald Dahl-klassikaren
Heksene helga 30. januar - 1. februar. Regi: Marit Eriksen [25.01.09]
Les meir
Songlaget
tar opp nye medlemmer
Songlaget tar opp nye i alle stemmegrupper - tenor, bass,
alt og sopran.
Semesteret starta 12. januar, men det er enno ikkje for seint å bli med.
Les meir [25.01.09]