PROGRAM

Heile programoversynet

Ver merksam på at der anna ikkje er skrive, er øvingane og tilskipingane i lagssalen, Søndre gate 22 B.
Årsmelding for 2006 (pdf)



Nidaros er det historiske namnet åt Trondheim by. Bondeungdomslaget vart skipa i 1904, og har i dag rundt 250 medlemer. BUL i Nidaros har til føremål å samle barn og ungdom i alle aldrar til eigenaktivitet i eit godt og rusfritt miljø, og ta vare på norsk kultur og norsk mål.


”Jul i Throndhiem” i Erkebispegården
No er det duka for Jul i Throndhiem att, denne gongen i Øysteinsalen i ærverdige Erkebispegården. Som tidlegare er det Marit Eriksen og Hallvard Lydvo i tospann som set opp stykket, med mange barn, nokre ungdommar og vaksne frå alle delar av Teaterlaget. Stykket blir spela seks gonger i perioden 5.-8. desember. [15.11.2008] Les meir

Agatha Christie-thriller i BUL-salen
Ungdomsgruppa i Teaterlaget viser thrilleren "Og så var det ingen" (tidlegare kjent som "Ti små negerbarn") av Agatha Christie. Fredag 7.11. klokka 19,
laurdag 8.11. klokka 15 og 18, sundag 9.11. klokka 15, tysdag 11.11.
klokka 19. Kroner 50. BUL-salen i Søndre gate 22b. Les meir [02.11.08]


Songlagskonsert
Onsdag 26. november klokka 19.00 blir det konsert i Vår Frue kyrkje kl. 1900 med Songlaget og Nardo Bydelsorkester. Les meir [30.10.08]

 

Haustleikhelga
Fredag 24. oktober klokka 19.30 kjem meisterspelmannen Tron Steffen Westberg til BUL-hytta og spelar framifrå rørospols. Laurdagskvelden er det leikfest i BUL-salen. Klokka 19.30 spelar Trøskarlaget med Åsmund Svenkerud opp til sitt eige 25-årsjubileum! Kakebord og trøndersodd. Turdansøkt og to songdansøkter. Det er ikkje forbod mot å bruka bunad...! [22.10.08]

Teaterlaget tar opp nye vaksne medlemmer
Torsdag 23. oktober er det sesongstart for vaksengruppa i Teaterlaget. Det er mange planar for aktivitet framover vinteren - og nye og gamle medlemmer er velkomne til å vere med. Det er rom for alle, både dei som vil stå på scenen og dei som vil jobbe med produksjon (lys, lyd, kostyme, scenografi). Les meir [27.09.08]

Dansekveld 11. oktober
Laurdag 11. oktober spelar spelmannslaget i BUL i Nidaros og gjestespelmenn opp til dans på BUL-hytta. Dansen tek til 1930, og varar til midnatt. Det vert sal av kaffi og kaker. Inngang 50 kroner, medlem og ikkje-medlem. BUL-hytta ligg på Lian (Lianvegen 116 B). Sjå plakaten [03.10.08]

Polskveld
«Einar Olav Larsen Trio» kjem til lagssalen laurdag 13. september. Trioen er sett saman av Einar Olav Larsen på fele, Audun Larsen (bror åt E. O.) på bass og Daniel Røssing på boogie-piano. I laupet av kvelden spelar dei pols, reinlendar, sving og anna. Det kostar 120 kr for medlemer og 170 for ikkje-medlemer. Kom til Søndre gate 22 B (Gildevangen) klokka 19.00. [08.09.08]

Mangfaldig og aktiv kursarrangør
BUL i Nidaros er valt til månadens kursarrangør i FOLK i mai. "Dans og teater pregar aktiviteten til laget, men det er og kursverksemd innafor song, folkemusikk og laget er heller ikkje framand for å ta til med kurs i heilt andre teknikkar som for eksempel symaskinkurs for nybyrjarar", skriv Folkekulturforbundet i si pressemelding. [24.05.08]

Årets sommarteater på Munkholmen: Romeo og Julie
Vi feirar at Teaterlaget er 100 år og at vi har vore 25 år på Munkholmen, med verdas vakraste kjærleikshistorie! I Roar Kjølv Jenssen sin regi og med eit ungdommeleg ensemble frå Teaterlaget er det duka for ei frisk og annleis Romeo & Julie-oppsetning 6.-27. juni på Munkholmen - ei oppsetning som passar for heile familien! [17.05.08] Les meir

Program for 17. mai 2008
kl. 08.15 Ottesong i Nidarosdomen (Liturg: Anders Mikal Holen; Songlaget i BUL)
kl. 09.00 Kransnedlegging på biskop Wexelsen si grav (Inga E. Bruteig, BUL)
kl. 10.00 Kaffisal i BUL-salen, Søndreg. 22 B
kl. 12.15 Oppstilling ved Gildevangen til folketoget
kl. 19.30 Fest i BUL-salen [06.05.08]

Snøholetur 4.–6. april Er du klar for noko du ikkje har turt å gjere før? Er du ein innbarka vintervandrar og har sove ute i minus 50? Då er det ut på tur med TUFS! Helga 4.–6. april fer me til Frigård i Hessdalen og byggjer – og søv i – snøhole. Påmelding og fleire opplysingar hjå Kristin Fuglø på 98051423. [31.03.08] Sjå plakaten

Kurs i valdresspringar 17. april Lær deg denne fantastiske dansen med ein magisk rytme, mykje sprell og med røter attende til 1600-talet. Danserettleiar og innfødd valdris Hilde Rudi Bråten held kurs på BUL-hytta laurdag 17. april kl. 10.00–17.00. Pris 100(medl)/140 kr. Påmelding til 99211210 seinast 9. april. [31.03.08] Sjå plakaten

Teaterlaget fyller 100 år den 26. april 2008
- og det skal vi feire med ein gedigen jubileumsfest i BUL-salen. Nye og gamle medlemmer og alle teaterlagets vener og partnarar er invitert til å vere med på festen - som vil innehalde alle tenkjelege kunstnarlege innslag, i tillegg til god mat og drikke. Marit Eriksen er festleiar og Anne Kristin Stenersen tek imot påmeldingar innan 17. april. Pris kr 100. [30.03.08]

Planeten Jorda
Vil du vere med å lage ei framsyning om Planeten Jorda med korsong, dans, teater, musikk, opplesing mm. hausten 2008?
Vil du vere med å uttrykkje di glede ved livet, di uro for framtida på jorda, klima, tankar kring jorda – gje dei ei kunstnarleg uttrykk – lage nye ting om du vil? Vi er på jakt etter folk med hjarte og hjerne og eit brennande engasjement for å lage ei framsyning om jorda. [06.03.08] Les meir

Skummel skog og små barn i BUL-salen 7.-10. mars
Kva er det eigentlig som skjer i Lilleskogen? Kvifor er den forbode? Kva skjer når barna går inn i skogen likevel? Og korleis oppfattar barn farlege og dramatiske hendingar? Spørsmåla er mange i teaterstykket Lilleskogen av Jesper Halle som ungdomsgruppa set opp i helga 7.-10. mars. Regi: May-Britt Schei Andersen og Runar Chr. Walsø [01.03.08] Les meir

Tauskjerringfest på BUL-hytta
Tauskjerringane skipar til skotårsfest med levande dansemusikk. På laurdag 1. mars klokka 19.30 kjem spelmennene Olav Mjelva og Jørgen Skancke Langen til BUL-hytta og spelar rørospols. [29.02.08]

Resultat frå Trøndelagskappleiken 2008
Nå kan du sjekke resutlatlista frå Trøndelagskappleiken 2008. [03.02.08] Resultatliste




Lær deg Røros-pols til Rørosmartnan!
Nybyrjarkurs i Røros-pols med instruktør Hill-Aina Steffenach. Laurdag 9. februar 11.00–16.00, sundag 10. februar 12.00–16.00, onsdag 13. februar 18.00–19.30 og onsdag 20. februar 18.00–19.30 i BUL-salen, Søndre gate 22 B (Gildevangen). Det kostar 480 kr (350 kr for medlemer). Meld deg på kurset på tel. 99618431. Vel møtt! [21.01.08] Sjå plakaten

Pols og Blues
NB! Trøndelagskappleiken 2 febr. og "POLS OG BLUES"- konserten med Einar Olav Larsen og Daniel Røssing er flyttet fra Strinda videregående skole til Blussuvoll skole som ligger vegg i vegg. Konsert ved Einar Olav Larsen og boogie woogie pianist Daniel Røssing. 2. februar 2008 kl 19.00 på Blussuvoll skule i Trondheim [27.01.08] Les meir

Trøndelagskappleiken 2008
NB! Trøndelagskappleiken 2 febr. og "POLS OG BLUES"- konserten med Einar Olav Larsen og Daniel Røssing er flyttet fra Strinda videregående skole til Blussuvoll skole som ligger vegg i vegg.. Startliste er lagt ut. [27.01.08] Les meir




Arkiv 2007

 


Velkomen til vevsidene åt BUL i Nidaros – webadmin@bulinidaros.no