PROGRAM
| ARKIV 2007 | |
Joletrefest
Sundag 6. januar kl. 17.00-19.00 er det joletrefest i lagssalen. Alle medlemer
i BUL med vener og kjende er hjarteleg velkomne! I tråd med tradisjonen blir det kaker og saft/kaffi,
gang om joletreet, og om du har oppført deg pent kan det hende at nissen òg tek turen innom.
Uansett oppførsel kan vi love mykje musikk, spel og dans! :) Det kostar 30 kr om du er barn eller vaksen.
Ta med ungar, onklar, tanter, vener, besteforeldre og deg sjølv, så sest vi den 6. januar! [27.12.07]
Ledig
halvstilling som jubileumskoordinator i Teaterlaget
I samband med at Teaterlaget er 100 år i 2008,
lyser vi ut eit årsengasjement som jubileumskoordinator i halv stilling.
Arbeidsoppgåvene er i første rekkje knytt til prosjekt og aktivitetar
i jubileumsåret, mellom anna jubileumsfest, sommarteater på Munkholmen
og andre produksjonar. Les utlysinga her
[15.12.07]
Juleavslutning
Sundag 16. desember klokka 17.00 møtest me til juleavslutning
i BUL-salen. På programmet stend utdrag frå «Dyra i Hakkebakkeskogen», allsong,
framsyning av den nye BUL-jakka, korsong, kaffi/te/saft og kaker, «Årets frifant»
og heilt til slutt runddans. 50 kr for vaksne og 25 kr for born. Vel møtt!
[10.12.07]
STILLE, STILLE … songlaget held konsert
Spander på deg ei hyggjeleg stund i BUL-salen kl. 13 laurdag 24. november med nyarrangert
og nykomponert musikk til nokre av dei mest kjende visene av Einar Skjæraasen. Det vert òg folkeviser
og munnspel av dirigent Vegard A. Kjøsnes. Me byd på ein kaffitår og eit kakestykke medrekna i
inngangspengane: 50/30/100(familie). [21.11.07] Sjå plakaten
Trøndelagskappleiken 2008
Laurdag 2. februar 2008 gjeng Trøndelagskappleiken på Strinda
vidaregåande skule i Trondheim. Dette er den 14. Trøndelagskappleiken i rekkja. Det vert ein tradisjonell kappleik med
tevlingar i dans, vokal og spel for solistar og grupper frå kl. 11.00. Kulturtime der Einar Olav Larsen medverkar
klokka 19.00. Lagtevling med dans klokka 20.00. Premieutdeling ved midnatt og dans til klokka 01.00. Vel møtt!
[19.11.07] Les meir
Oppdag mangfaldet i dansen frå Trøndelag
Laurdag 24. og sundag 25. november kan du læra deg å dansa
tradisjonsdansar frå Trøndelag. Geir Egil Larsen skal rettleia fleire polsformer
og ein nyutforska «godbit»: Trøndersk hambo. Einar Olav Larsen skal spela til.
Kurset skal vera på
BUL-hytta, og tida
er 10.00–16.00 båe dagane. Kurspengar 250(medlem)/300 kr. På laurdag klokka
19.30 er det ein open leikkveld, òg med Einar Olav som spelmann. Det kostar
80/100 kr (er medrekna i kurspengane). Spørsmål og påmelding til Ina på
tel./SMS 99 61 84 31. [12.11.07] Sjå plakaten
Kva
er snilt og kva er slemt?
Det er duka for moro og alvor når den yngste ungdomsgruppa
i teaterlaget set opp ”Det blæs på månen" av
Eric Linklater, i BUL-salen 9.-16. november 2007. Vi møter søstrene
Dina og Mina, mange slags rare dyr og ein diktator som mest av alt gler seg
over å sjå menneske bli pint mens han et sjokoladekaramellar.
Stykket passar for barn frå 5 år. Regi: Ragnhild Ljosland. Tinging
av billettar på teaterlaget@bulinidaros.no.
[20.10.2007] Les meir her
Haustleik
Fredag 26. og laurdag 27. oktober gjeng haustleiken av
stabelen i BUL. På fredag klokka 19.30 varmar me opp på BUL-hytta til ekstatisk
polsspel på fele av Tron Westberg. Kake, te og kaffi. (Pris 100 kr) –
På laurdag klokka 19.00 tjuvstartar me med ein liten konsert med Sturla Eide
(fele) og Øystein Sandbukt (gitar). Ein dryg halvtime seinare spelar dei opp
til leikfest og held det gåande utetter kvelden og natta, bortsett frå når
det er songdans- og turdansøykter. Kled deg i bunad om du hev! Småmat og frukt.
(Pris 190 kr) [21.10.07] Sjå plakaten
Dansekveld
på BUL-hytta med Spelmannslaget
Spelmannslaget i BUL i Nidaros inviterer til dansekveld
på BUL-hytta, laurdag 13.oktober frå kl 20.00. Vi har da hatt inspirasjonskurs
med Einar Olav Larsen, fredagkvelden og heile laurdagen, og er full av speleglede
for deg som vil danse. Ta med deg vener og kjentfolk og kom!!! Pris 50/70.
[08.10.07] Sjå plakat
Teaterlaget
spelar Ibsenpris-vinnar
Fredag 28. september er det duka for urpremiere på
sceneversjonen av «Risk»i BUL-salen, eit spennande stykke samtidsdramatikk
av Christopher Grøndahl. Grøndahl har hausta lovord og prisar
som dramatikar etter at han debuterte med høyrespelet «Niveanatt»
i 2001. I år fekk han Ibsenprisen for høyrespela «Silent
Winds of Blackpool» og «Tundra». [27.08.07] Les
meir
Bli
ven med symaskinen din
Kassa står borte i hjørnet og har stått
der heilt sia du fekk ho. Du ser på symaskina med eit stort spørsmålsteikn
og meiner symaskina ser tilbake på deg med same undringa. Åleine
om fenomenet? Nei, så langt ifrå og NO har du ein sjanse til å
gjere noko med det! Tysdag 11. september startar eit 12-timars kurs over fire
kveldar med Hill-Aina Steffenach som lærar. Målet er ei flott
haustjakke med individuell dekor...[29.08.07] Les
meir
BUL-KONTORET
PÅ FLYTTEFOT!
Lagskontoret er i ferd med å flyttast til nye lokale
i Dronningens gate 23. Telefonnummeret er framleis 73514258, og sekretæren
er for det meste til stades i dei nye lokala i kontortida. Evt. kan du ringja
sekretæren på mobil 93080816. Vår nye postadresse.
[18.08.07]
Merk at sekretæren inntil vidare kan lesa og skriva e-post berre på kveldstid.
Peer Gynt - boka kan bestillast.
Minneboka frå Peer Gynt - framsyningane på Torvet i 2004 kan no
bestillast. Du finn ein video og informasjon om boka her. [28.07.07]
Nye
kontor- og øvingslokale
Omframt årsmøte i BUL i Nidaros 29. mai
2007 gav styret fullmakt til å selje kontorlokala i Brattørgata
7 og til å kjøpe nye, høvelege lokale for aktiviteten
i laget. Allereie tysdag 5. juni hadde styret selt Brattørgata og kjøpt
eit 240 m2 stort lokale i Dronningens gate 23. Kjøpesummen
var noko lågare enn salssummen, og styret ser eit stort potensiale i
dei nye lokala. Sjå kart
og bilete. [11.06.07]
Sommarteater
på Munkholmen 8.-29. juni
Alice i eventyrland med 34 aktørar frå Teaterlaget
i BUL, er årets sommarteater på Munkholmen! Premieren er fredag
8. juni, og stykket blir spela alle dagar utom laurdagar fram til 29. juni.
Nyskriven song og musikk og ei boblande fantasiverd møter alle som
tar turen til Trondheimsfjordens eiga eventyrøy i juni. Regi: Mads
Bones og Olve G. Løseth. [23.05.07] Les
meir
Omframt
årsmøte 29. mai
Lagsstyret kallar inn til omframt årsmøte
i BUL i Nidaros tysdag 29. mai kl. 18.30 i BUL-salen, Søndre g 22B.
SAK: Sal/kjøp av lagslokale.
Årsmøtepapira er lagt ut til gjennomsyn på lagskontoret
frå 21. mai.
Velkomne til årsmøte! [21.05.07]
Pinsetur
til Stokkøya
Tur- og friluftsnemnda (TUFS) arrangerer pinsetur til
Stokkøya i Åfjord på Fosen 25.-28. mai. Det blir mellom
anna høve til å padle, fiske, bade(!), bygge sandslott, gå
fjelltur, utforske grotte, brenne bål og danse :-)) [16.05.07]
For meir info, sjå
her
Program
for 17. mai 2007
kl. 08.00 Ottesong i Nidarosdomen
kl. 09.00 Kransnedlegging på biskop Wexelsen si grav på Domkyrkjegarden
kl. 10.00 Kaffisal i BUL-salen, Søndreg. 22 B
kl. 12.15 Oppstilling ved Gildevangen til folketoget
kl. 19.30 FEST i BUL-salen
[26.04.07]
Ungdomsgruppa
i teaterlaget spelar i Oslo laurdag 12. mai
Ungdomsgruppa
i teaterlaget i BUL si oppsetning "Illyria"
representerer Trøndelag på den nasjonale DUS-festivalen 10.-12.
mai på Det Norske Teatret i Oslo. I alt 11 grupper frå heile landet
set kvarandre stemne denne helga, og vi skal i elden på Scene 2 laurdag
12. mai kl 16:00. [06.05.07] Les
meir
Songlaget
med vårkonsert 5. mai
Det blir både korsong, munnspel og klavermusikk på
Songlaget i BUL sin vårkonsert i BUL-salen på Gildevangen laurdag
5. mai kl 15. Vegard A. Kjøsnes tar hand om både munnspelet og
dirigentstokken, medan Erlend Os trakterer flygelet. Sjå
plakaten her
Billettsalet
har starta!
Årets sommarteater på Munkholmen
er "Alice i eventyrland" i Mads Bones og Olve G. Løseth sin
spenstige regi. Speleperioden er 8.-29. juni. og Olavshallen Billettservice
tlf 73994050 har billettsalet som vanleg. Les
meir

Hill-Aina Steffenach Årets Frifant 2006
Hill-Aina fekk prisen for den store innsatsen
ho gjorde i samband med Folkekulturfestivalen 2006, der ho var festivalleiar
og krumtapp i det meste.