BUL-hytta på Lian

Hytta ute

Bondeungdomslaget i Nidaros (BUL) eig ei stor og fin hytte som ligg på Lian, om lag 10 km frå Trondheim sentrum. Hytta vert bruka til ulike typar tilskipingar i BUL-regi, og ho vert òg leigd ut til andre lag og organisasjonar. Ho eignar seg godt for ymse slag helgesamlingar for born og ungdom, leirar, kurs, seminar og møte.

Hytta vert òg leigd ut til større eller mindre private tilskipingar både for BUL-medlemer og andre. Det er ein heimekoseleg atmosfære på hytta. Ho er ikkje for stor om ein er 20 og heller ikkje for lita om ein er 60. Hytta vert ofte bruka til private samkomer som konfirmasjon, barnedåp, bryllaup og fødselsdag. Hytta har ingen kjøken- eller ryddetilsette.

BUL-hytta på Lian er eit fint utgangspunkt for turar i Bymarka både sumar og vinter. På vinterstid gjeng skiløypa 50 meter frå huset (Formannsvegen).

Hytta inne

På hytta er det storstove (74 m²), peisestove (40 m²) og eit velutstyrt kjøken. I sokkelen er det fem soverom med sengeplass til 25 personar og badstove med tilhøyrande garderobar. Hytta vart bygd i 1985.

Hytta ligg om lag 10 km frå Trondheim sentrum og er lett tilgjengeleg med trikk eller bil. Om lag 500 meter etter at du har passert Sans & Samling [Lian Restaurant] er det ein liten parkeringsplass, og ein veg som gjeng til venstre. (Denne vegen, Formannsvegen, er til vanleg stengd med ein bom). Fylg denne vegen om lag 50 meter inn i skogen, og tak til venstre fyrste gongen vegen deler seg. Der finn du hytta. (Adresse: Lianvegen 116 B)

Dersom det trengst meir parkeringsplass, kan ein nytta den store parkeringsplassen på Vådan, som ligg på nedsida av hytta. Herifrå tek det om lag 10 min å gå til hytta oppetter Skråstien.

Kart

Leigeprisar
Heilt døger med overnatting3500 kr fyrste døgeret, 3000 kr neste
(dvs. 6500 kr for helga)
Berre 1 døger i helga4000 kr
Heile dagen (mån.–tor.)2500 kr
Ein kveld / halve dagen1500 kr
Ekstra for førebuing kvelden før500 kr
Overnatting150 kr pr. person

For BUL-medlemer gjeld andre leigeprisar.

Praktiske opplysningar:

På hytta er det røykjeforbod inne, og det gjeld totalt alkoholforbod. Leigetakarane må sjølv syta for å vaska hytta etter bruk. Dersom hytta ikkje er skikkeleg reingjord, lyt ein betala eit tillegg for vask (1000 kr).

For meir informasjon om utleige, tak kontakt med lagskontoret åt BUL.

Hytteleik